Humlepils er eit pilsnerøl som er tørrhumla med edelhumle frå Tyskland. Dette er ein forholdsvis ny variant av pils som har sitt utspring frå italienske handverksbryggeri. Ølet er balansert og komplekst i sin heilheit med edle humlesmakar. Passar godt som kvardagsøl men også til italiensk mat grillmat og elles generelt til lettare rettar.