Morgedølen
1E – Norsk pilsner butikk-klasse
MORGEDØLEN er either gyllent Jubileumsøl bryggja med pilsner-malt, kaldgjæra og elegant humla. Ølet er ufiltrert og upasteurisert og har difor botnfall. Sjenk forsiktig. Historia om Sondre Norheim er kjent over heile skiverda. 10. juni 1825 blei han fødd på plassen Øverbø i Morgedal. Med hælbinding og innsvinga ski utvikla han skiut styret og teknikken, og utfordra seg sjølv og andre nedover bakkar og utfor ufser, brattare og høgare enn nokon før hadde løypt. Elegante telemarkssvingar i laus snøen, høge hopp og fjellstøe nedslag kjenneteikna Sondre og dei hine morgedølane, og gjennom tevlingar og oppvisingar breidde skileiken seg frå Morgedal ut over landet og verda. Morgedal er i dag kjend som skisportens vogge.
Stil-analyse
Kommentarer
-
Ingen kommentarer ennå.