Nynorsk og bokmål er ikkje berre ulike måtar å stava ord på. Dei er ulike språk med ulik historie, og dei har vakse fram i opposisjon til einannan. Det har vore ei form for sidemålsunder- visning i norsk skule frå 1892. Gjennom eit stortingsvedtak i 1885 blei «det norske Folkesprog» (nynorsk) sidestilt med dansk som skriftspråk i Noreg, og frå 1892 blei det lov å bruke nynorsk (då landsmål) i skulen. Stortinget vedtok samtidig at elevane skulle lære å lesa båe mål. Sidemålsspørsmålet har vore gjenstand for polemikk og høglydde diskusjonar, og er det framleis. Grunna kløktige forkjemparar i målsaka, står bokmålet støtt og trygt som eit levande sidemål i Norge i dag.