JOLAGÅVA er eit mørkt øl inspirert av den norske jolaøl-tradisjonen. Maltsødme og fylde er viktige kjenneteikn, og med litt jolakrydder kjem du fort i den rete stemninga. Då er det berre å pakka opp gåva og dra krakken bortåt glaset. Ølet høver til all jolamat og som munngodt på mørke kveldar. JOLAGÅVA er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-9 C. Laga på Voss med ekta vossavatn, byggmalt, humle, gjær og jolakrydder av folk som trass alt har drukke ein del øl.