Kompani Rosésider
Bestillingsutvalget
Polslipp November 2026 Januar 2024 Mai 2023
70-talet var ei interessant tid. Ikkje det 70-talet som gav oss slengbuksa og lange snippar. Nei, me snakkar om 1770-talet. Det var på den tida Napoleon Bonaparte lærte seg å gå. Samstundes, i dei slake liene i Sæbø-traktene, samla modige bondesoldatar seg for å danne 1. ryfylkske kompani. Dei heldt seg stort sett på denne eksersisplassen, dette kompaniet. Dei kjempa nok korkje for eller mot Napoleon nokre år seinare. Så til minne om brorskapet og alt bondevettet som fann stad akkurat her, har me laga sideren Kompani. Ein rosésider der eplesorten Aroma møter litt bringebær i miks. Smaken er tørr, men med god fruktkonsentrasjon og eit touch av restsødme.
Aroma: Lukt av modne villbringebær og modent eple, lett floral med preg av roser og rabarbra.
Smak: Tørr med fruktig konsentrasjon. Syre som balanserer sødme. Fruktig avslutning.
Kommentarer
-
Ingen kommentarer ennå.